Sefanja 3:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ve den trassige ¬og ureine byen,som er så full av vald!

2. Han høyrer ikkje ¬på Herrens røystog tek ikkje imot tukt.Han set ikkje si lit til Herrenog held seg ikkje nær ¬til sin Gud.

3. Hovdingane i byen ¬er som brølande løver,og domarane som steppeulvar;dei sparer ingenting ¬til morgondagen.

4. Profetane er skrytande, ¬trulause menn,prestane krenkjer ¬det som er heilagt,og gjer vald mot lova.

5. Herren rår med rettferd der,han gjer ikkje urett.Kvar morgon ¬feller han rettferdig dom,den kjem like visst som ljoset.Men ugjerningsmannen ¬kjenner ikkje skam.

6. Eg har øydt ut folkeslag,deira borgtårn ligg i grus.Eg har gjort deira gater aude,så ingen ferdast på dei.Byane deira er herja ¬og folketome,ingen bur der lenger.

Sefanja 3