1. Kom saman, ¬hald samling,du folk som ikkje skjemmest,
2. før de kverv ¬som fykande agner,før han kjem over dykk,Herrens brennande vreide,før han kjem over dykk,Herrens vreidedag!
3. Søk Herren,alle de audmjuke i landet,de som gjer hans vilje!Legg vinn på rettferd ¬og audmykt,så vert de kanskje spartepå Herrens vreidedag!
4. Gasa skal liggja folketomtog Asjkalon verta ei øydemark.Midt på ljose dagenskal folket i Asjdod ¬drivast bort,og Ekron skal herjast ¬til grunnen.