Sefanja 2:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Kom saman, ¬hald samling,du folk som ikkje skjemmest,

2. før de kverv ¬som fykande agner,før han kjem over dykk,Herrens brennande vreide,før han kjem over dykk,Herrens vreidedag!

3. Søk Herren,alle de audmjuke i landet,de som gjer hans vilje!Legg vinn på rettferd ¬og audmykt,så vert de kanskje spartepå Herrens vreidedag!

4. Gasa skal liggja folketomtog Asjkalon verta ei øydemark.Midt på ljose dagenskal folket i Asjdod ¬drivast bort,og Ekron skal herjast ¬til grunnen.

5. Ve deg, du kretarfolk,som bur utmed havet!Dette er Herrens ord mot deg:«Kanaan, du Filistarland,eg legg deg i øyde, ¬så ingen kan bu der.

6. Landet ved havet ¬skal verta til beite,til hamnegang for gjætarar,til kve for sau og geit.»

7. Dei som er att av Juda-ætta,skal få landet ved havet i eige.Der skal dei ha sitt beiteland,og om kvelden skal dei kvila ¬i husa i Asjkalon.For Herren deira Gud ¬skal sjå til dei,han skal venda deira lagnad.

8. Eg høyrde svivørdinga ¬frå Moabog spottorda frå ammonittane,då dei svivørde folket mittog briska seg mot landet deira.

9. Difor, lyder ordet frå Herren,Allhærs Gud, Israels Gud:Så sant eg lever,skal det gå Moab som Sodomaog ammonittane som ¬Gomorra;dei skal verta ei neslemark, ¬ei saltgruve,ei øydemark til evig tid.Dei som er att av folket mitt,skal plyndra dei,resten av folket ¬skal ta dei i eige.

10. Dette skal hendafordi dei var storlåtne,fordi dei var stolteog spotta folket åt Herren, ¬Allhærs Gud.

11. Dei skal få age for Herrennår han rydjar ut alle gudane ¬på jorda.Og dei som bur på strendene ¬langt borte,skal tilbe han, kvar på sin stad.

Sefanja 2