12. Sæl er den du tuktar, Herre,den du gjev lærdom ved di lov.
13. Så lèt du han få roog friar han frå vonde dagar,til dess dei gudlause får si grav.
14. Herren vil ikkje støyta bort ¬sitt folkog ikkje svikta sitt arveland.
15. For rett skal atter verta rett,og den skal dei fylgja,alle dei ærlege av hjarta.
16. Kven vil stø meg ¬mot dei vondeog hjelpa meg ¬mot ugjerningsmenner?
17. Om ikkje Herren ¬var min hjelpar,låg eg snart i det stille landet.
18. Om eg må seia: ¬«Min fot er ustø,»så held din truskap meg oppe, ¬Herre.
19. Er mitt hjarta fullt ¬av urolege tankar,så er di trøyst til glede for meg.
20. Er du i pakt med ¬tynings domstol,som i strid med lova ¬skaper ulukke?