1. Herre, du Gud som straffar,stig fram i stråleglans, ¬du straffande Gud!
2. Reis deg, du som dømer jorda,lat dei stolte få att ¬for det dei har gjort!
3. Kor lenge ¬skal dei gudlause jubla,kor lenge skal dei jubla, Herre?
4. Dei talar ein flaum ¬av frekke ord,alle ugjerningsmenner skryter.
5. Dei knuser ditt folk, Herre,og kuar din eigedom.
6. Enkjer og framande ¬slår dei i hel,og farlause myrdar dei.
7. Dei seier: «Herren ser ¬det ikkje,han merkar det ikkje, ¬Jakobs Gud.»
8. De må då skjøna, ¬de uvituge folk!Når skal de få vit, de dårar?