Salmane 94:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herre, du Gud som straffar,stig fram i stråleglans, ¬du straffande Gud!

2. Reis deg, du som dømer jorda,lat dei stolte få att ¬for det dei har gjort!

3. Kor lenge ¬skal dei gudlause jubla,kor lenge skal dei jubla, Herre?

4. Dei talar ein flaum ¬av frekke ord,alle ugjerningsmenner skryter.

5. Dei knuser ditt folk, Herre,og kuar din eigedom.

6. Enkjer og framande ¬slår dei i hel,og farlause myrdar dei.

7. Dei seier: «Herren ser ¬det ikkje,han merkar det ikkje, ¬Jakobs Gud.»

8. De må då skjøna, ¬de uvituge folk!Når skal de få vit, de dårar?

9. Høyrer ikkje han ¬som planta øyra,ser ikkje han som skapte auga?

10. Tuktar ikkje han ¬som fostrar folka,han som gjev menneska vit?

11. Herren kjenner ¬mannsens tankar,han veit at dei er ¬som ein pust.

12. Sæl er den du tuktar, Herre,den du gjev lærdom ved di lov.

Salmane 94