1. Den som sit i livd ¬hjå Den Høgsteog bur i skuggen ¬av Den Allmektige,
2. han seier til Herren: ¬«Mi livd og borg,min Gud som eg set mi lit til!»
3. Ja, han bergar deg ¬frå jegerens snare,frå pest som tyner.
4. Med sine fjører løyner han deg,under hans venger finn ¬du livd.Hans truskap er skjold og vern.
5. Du skal ikkje reddast ¬for skræmsler om natta,for piler som flyg om dagen,
6. for pest som snikjer seg ¬fram i mørkret,for sott som herjar ¬middagstider.
7. Om tusen fell ved di side,ti tusen ved di høgre hand,så skal ikkje ulukka nå deg.
8. Du skal berre vera vitne til detog sjå at dei gudlause får si løn.