Salmane 90:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ei bøn av gudsmannen Moses.Herre, du har vore ein bustadfor oss frå ætt til ætt.

2. Før fjella vart fødde,før jorda og verda vart til,ja, frå æve til æve er du, Gud.

3. Du lèt mennesket verta ¬til støv attog seier: «Vend tilbake, ¬de menneskeborn!»

4. For tusen år er i dine augosom dagen i går ¬då han fór framom,eller som ei nattevakt.

5. Du riv menneska bort,dei er som ein svevn.Om morgonen er dei ¬som groande graset:

6. Om morgonen gror det ¬og blømer,om kvelden er det vise og turt.

7. Vi går til grunne ¬ved din vreide,redsle grip oss ved din harme.

8. Våre misgjerningar ¬har du for auga,vår løynde synd vert synlegi ljoset frå ditt åsyn.

Salmane 90