Salmane 9:11-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Dei som kjenner ditt namn, ¬lit på deg,for du sviktar ikkje dei ¬som søkjer deg, Herre.

12. Syng for Herren, ¬som bur på Sion,kunngjer hans storverk ¬mellom folka!

13. Han straffar dei ¬som er skuldige i drap,men tek seg av dei hjelpelauseog gløymer ikkje deira skrik.

14. Ver meg nådig, Herre, ¬og sjå den naudsom mine fiendar ¬har valda meg.Du fører meg opp ¬frå dødens portar,

15. så eg kan fortelja ¬om alle dine storverkog jubla over di frelse ¬i Sions portar.

16. Folkeslag sokk ¬i den grava dei grov,deira føter vart fanga ¬i garnet dei sette.

17. Herren openberra seg ¬og heldt dom;dei gudlause vart fanga ¬i si eiga gjerning. HiggajonSela

18. Til dødsriket ¬skal dei gudlause fara,alle folkeslag som gløymer Gud.

19. Men dei fattige ¬vert ikkje gløymde for alltid,dei hjelpelause ¬er ikkje for evig utan von.

20. Reis deg, Herre!Lat ikkje menneske få makta,lat folkeslag få ¬sin dom for ditt åsyn!

21. Set redsle i folka, Herre,så dei skjønar ¬at dei berre er menneske. Sela

Salmane 9