10. Herren er ei borg ¬for dei trælka,ei borg i trengselstider.
11. Dei som kjenner ditt namn, ¬lit på deg,for du sviktar ikkje dei ¬som søkjer deg, Herre.
12. Syng for Herren, ¬som bur på Sion,kunngjer hans storverk ¬mellom folka!
13. Han straffar dei ¬som er skuldige i drap,men tek seg av dei hjelpelauseog gløymer ikkje deira skrik.
14. Ver meg nådig, Herre, ¬og sjå den naudsom mine fiendar ¬har valda meg.Du fører meg opp ¬frå dødens portar,
15. så eg kan fortelja ¬om alle dine storverkog jubla over di frelse ¬i Sions portar.
16. Folkeslag sokk ¬i den grava dei grov,deira føter vart fanga ¬i garnet dei sette.
17. Herren openberra seg ¬og heldt dom;dei gudlause vart fanga ¬i si eiga gjerning. HiggajonSela
18. Til dødsriket ¬skal dei gudlause fara,alle folkeslag som gløymer Gud.
19. Men dei fattige ¬vert ikkje gløymde for alltid,dei hjelpelause ¬er ikkje for evig utan von.