Salmane 89:40-49 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

40. Du har gjort om inkje ¬pakta med din tenar,vanæra hans krone ¬og trøtt henne i støvet.

41. Du har rive ned alle ¬hans murarog lagt hans borger i grus.

42. Dei plyndrar han, ¬alle som fer framom,han har vorte til spott ¬for sine grannar.

43. Du har gjeve ¬hans fiendar styrkeog gjort alle ¬hans motstandarar glade.

44. Ja, hans kvasse sverd ¬har du late vika,du heldt han ikkje oppe ¬i striden.

45. Du har gjort ende på hans glansog velt hans kongsstol til jorda.

46. Du har forkorta ¬hans ungdoms dagarog sveipt han i skam. Sela

47. Kor lenge, Herre?Vil du løyna deg for alltid?Kor lenge skal din harme ¬loga som eld?

48. Kom i hug ¬kor kort mi levetid er!Kor forgjengelege dei er,alle menneske ¬som du har skapt!

49. Kvar finst den mannen ¬som ikkje må døy,som kan berga seg ¬frå helheims vald? Sela

Salmane 89