29. Eg held evig fast ¬på min truskap mot han,mi pakt med han ¬skal stå ved lag.
30. Hans ætt vil eg alltid ¬halda oppe,hans kongsstol så lenge ¬himmelen er til.
31. Dersom hans søner ¬går bort frå mi lovog ikkje ferdast etter mine bod,
32. dersom dei vanvørder ¬mine føresegnerog ikkje held mine påbod,
33. då straffar eg dei ¬med ris for deira brot,med slag for deira misgjerning.
34. Men mi miskunn tek eg ikkje ¬frå han,min truskap sviktar eg ikkje.
35. Eg vil ikkje vanhelga mi paktog ikkje endra det eg har tala.
36. Ein gong gav eg ¬ein heilag lovnad,og eg vil ikkje lyga for David.
37. Hans ætt skal alltid leva,og hans kongsstol ¬skal stå for mitt åsynså lenge sola er til.
38. Han skal vara evig som månen,det trufaste vitnet i skya.» Sela
39. Men no har du vraka ¬den du har salva,støytt han bort i din vreide.
40. Du har gjort om inkje ¬pakta med din tenar,vanæra hans krone ¬og trøtt henne i støvet.
41. Du har rive ned alle ¬hans murarog lagt hans borger i grus.