28. Ja, eg gjer han ¬til min fyrstefødde,til den høgste ¬mellom kongane på jord.
29. Eg held evig fast ¬på min truskap mot han,mi pakt med han ¬skal stå ved lag.
30. Hans ætt vil eg alltid ¬halda oppe,hans kongsstol så lenge ¬himmelen er til.
31. Dersom hans søner ¬går bort frå mi lovog ikkje ferdast etter mine bod,
32. dersom dei vanvørder ¬mine føresegnerog ikkje held mine påbod,
33. då straffar eg dei ¬med ris for deira brot,med slag for deira misgjerning.
34. Men mi miskunn tek eg ikkje ¬frå han,min truskap sviktar eg ikkje.
35. Eg vil ikkje vanhelga mi paktog ikkje endra det eg har tala.
36. Ein gong gav eg ¬ein heilag lovnad,og eg vil ikkje lyga for David.