Salmane 89:18-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. For du er vår herlege styrke,i din godhug gjev du oss kraft.

19. Vårt skjold er vigt til Herren,vår konge til Israels Heilage.

20. Ein gong tala du i eit syntil dei som var true ¬mot di pakt:«Eg har sett krona på ein helt,reist opp ein utvald krigar ¬av folket.

21. David, min tenar, fann eg,med heilag olje salva eg han.

22. Mi hand skal halda han oppe,min arm skal gje han styrke.

23. Fiendar skal ikkje lura han,nidingar skal ikkje kua han.

24. Hans motstandarar ¬knuser eg framfor han,dei som hatar han, slår eg ned.

25. Trufast og god ¬vil eg vera mot han,i mitt namn ¬skal krafta hans auka.

26. Eg lèt hans velde nå til havet,hans makt til elvane i aust.

27. Han skal ropa til meg: ¬Du er min far,min Gud og mitt ¬frelsande berg!

28. Ja, eg gjer han ¬til min fyrstefødde,til den høgste ¬mellom kongane på jord.

29. Eg held evig fast ¬på min truskap mot han,mi pakt med han ¬skal stå ved lag.

30. Hans ætt vil eg alltid ¬halda oppe,hans kongsstol så lenge ¬himmelen er til.

31. Dersom hans søner ¬går bort frå mi lovog ikkje ferdast etter mine bod,

32. dersom dei vanvørder ¬mine føresegnerog ikkje held mine påbod,

33. då straffar eg dei ¬med ris for deira brot,med slag for deira misgjerning.

34. Men mi miskunn tek eg ikkje ¬frå han,min truskap sviktar eg ikkje.

Salmane 89