Salmane 89:15-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Rett og rettferd er grunnvoll ¬for din kongsstol,miskunn og truskap ¬går føre deg.

16. Sælt er det folket ¬som kjenner hyllingsropetog ferdast i ljoset ¬frå ditt åsyn, Herre.

17. All dagen jublar dei ¬over ditt namn,ved di rettferd vert dei lyfte.

18. For du er vår herlege styrke,i din godhug gjev du oss kraft.

19. Vårt skjold er vigt til Herren,vår konge til Israels Heilage.

20. Ein gong tala du i eit syntil dei som var true ¬mot di pakt:«Eg har sett krona på ein helt,reist opp ein utvald krigar ¬av folket.

21. David, min tenar, fann eg,med heilag olje salva eg han.

22. Mi hand skal halda han oppe,min arm skal gje han styrke.

23. Fiendar skal ikkje lura han,nidingar skal ikkje kua han.

24. Hans motstandarar ¬knuser eg framfor han,dei som hatar han, slår eg ned.

25. Trufast og god ¬vil eg vera mot han,i mitt namn ¬skal krafta hans auka.

26. Eg lèt hans velde nå til havet,hans makt til elvane i aust.

27. Han skal ropa til meg: ¬Du er min far,min Gud og mitt ¬frelsande berg!

28. Ja, eg gjer han ¬til min fyrstefødde,til den høgste ¬mellom kongane på jord.

Salmane 89