Salmane 89:11-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Du knuste Rahab ¬som ein fallen krigar,dine fiendar spreidde du ¬med din sterke arm.

12. Din er himmelen, ¬og di er jorda;du har grunnlagt verda ¬og alt det som fyller henne.

13. Nordheimen og sørheimen, ¬du har skapt dei,Tabor og Hermon ¬jublar over ditt namn.

14. Du har ein arm ¬med veldig kraft,sterk er di hand, ¬di høgre er lyft.

15. Rett og rettferd er grunnvoll ¬for din kongsstol,miskunn og truskap ¬går føre deg.

16. Sælt er det folket ¬som kjenner hyllingsropetog ferdast i ljoset ¬frå ditt åsyn, Herre.

Salmane 89