1. Ein læresalme av Etan, som høyrde Esrah-ætta til.
2. Eg vil alltid syngja ¬om dei gjerningarsom Herren i sin nåde ¬har gjort.Eg vil forkynna din truskap ¬frå ætt til ætt.
3. Eg seier: Di miskunn ¬er bygd opp for evig,din truskap står fast ¬i himmelen.
4. «Eg gjorde ei pakt ¬med min utvalde,gav David, min tenar, ¬ein heilag lovnad:
5. Di ætt vil eg halda oppe ¬til evig tid;eg vil byggja ¬din kongsstol ¬frå ætt til ætt.» Sela
6. Himmelen prisar dine under, ¬Herre,dei heilage som er samla, ¬lovsyng din truskap.
7. For kven i det høge ¬kan liknast med Herren,kven er som Herren ¬mellom gudesøner?
8. Det står age av Gud ¬i rådet åt dei heilage,han er stor og ageleg ¬for alle ikring han.
9. Kven er som du, ¬Herre, Allhærs Gud?Mektig er du Herre,og truskap har du ¬ikring deg.
10. Du råder over ¬det stolte havet;når bylgjene reiser seg, ¬stiller du dei.
11. Du knuste Rahab ¬som ein fallen krigar,dine fiendar spreidde du ¬med din sterke arm.