Salmane 88:7-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Du har lagt meg ¬i grava der nede,i den mørke, djupe avgrunn.

8. Din harme kviler tungt på megdu lèt dine brotsjøar ¬slå over meg. Sela

9. Du har teke mine kjenningar ¬frå megog gjort det så ¬at dei avskyr meg.Eg er innestengd ¬og kjem ikkje ut,

10. mitt auga sløvest av plager. Herre, eg ropar dagleg til degog retter hendene ut mot deg.

11. Gjer du vel under for dei døde,står daudingar opp ¬og prisar deg? Sela

12. Fortel dei om di miskunn ¬i grava,om din truskap i dødsriket?

13. Vert dine under kjende ¬i mørkret,di rettferd i gløymslelandet?

14. Men eg, Herre, ropar til deg,om morgonen kjem mi bøn ¬imot deg.

15. Kvifor støyter du meg bort ¬frå deg, Herre,kvifor løyner du ditt andlet ¬for meg?

16. Eg er elendig, ja døden nær,og det har eg vore ¬frå ungdomen av;rådvill ber eg dine redsler.

17. Din brennande harme ¬slår over meg,dine redsler gjer ende på meg.

18. Heile dagen ¬er dei ikring meg som vatn,alle saman omringar meg.

19. Du har teke vener ¬og frendar ifrå meg,og mine kjenningar ¬held du borte.

Salmane 88