Salmane 88:11-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Gjer du vel under for dei døde,står daudingar opp ¬og prisar deg? Sela

12. Fortel dei om di miskunn ¬i grava,om din truskap i dødsriket?

13. Vert dine under kjende ¬i mørkret,di rettferd i gløymslelandet?

14. Men eg, Herre, ropar til deg,om morgonen kjem mi bøn ¬imot deg.

15. Kvifor støyter du meg bort ¬frå deg, Herre,kvifor løyner du ditt andlet ¬for meg?

16. Eg er elendig, ja døden nær,og det har eg vore ¬frå ungdomen av;rådvill ber eg dine redsler.

17. Din brennande harme ¬slår over meg,dine redsler gjer ende på meg.

Salmane 88