Salmane 86:8-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Herre, mellom gudar ¬er ingen som du,og ingen gjerningar er ¬som dine.

9. Alle folk som du har skapt,skal koma ¬og bøya seg for deg, Herre,og æra ditt namn.

10. For du er stor, ¬og du gjer under.Einast du er Gud.

11. Herre, lær meg din veg,så eg kan ferdast ¬i di sanning!Gjev meg eit udelt hjarta,så eg kan ottast ditt namn!

12. Eg takkar deg, Herre, ¬av heile mitt hjarta;min Gud, eg vil evig æra ¬ditt namn.

13. For din truskap mot meg ¬er stor,frå det djupe dødsriket ¬har du fria meg ut.

14. Frekke menn ¬reiser seg mot meg, Gud,ein flokk av valdsmenn ¬står meg etter livet.Dei har ikkje deg for auga.

15. Men du, Herre Gud, ¬er mild og nådig,langmodig og rik ¬på miskunn og truskap.

16. Vend deg til meg ¬og ver meg nådig!Gjev din tenar kraft frå deg,og berga son ¬til di tenestkvinne!

17. Gjev meg eit teikn ¬som varslar godt!Lat dei som hatar meg, ¬sjå det og skjemmast!For du, Herre, ¬hjelper og trøystar meg.

Salmane 86