Salmane 85:4-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. All din harme tok du tilbake,din brennande vreide ¬lét du fara.

5. Reis oss opp att, ¬Gud, vår frelsar,vend din uvilje bort frå oss!

6. Vil du vera harm på oss ¬for alltidog la vreiden vara ¬frå ætt til ætt?

7. Vil ikkje du gje oss liv på nytt,så ditt folk kan gleda seg i deg?

8. Lat oss få sjå din godleik, ¬Herre,og gjev oss di frelse!

9. Eg vil høyra ¬kva Gud, Herren, seier.For han talar fred ¬til sitt folk,til sine trugne,– berre dei ikkje vender seg ¬til dårskap!

10. Ja, hans frelse er nærfor dei som ottast han;hans herlegdom ¬skal bu i vårt land.

Salmane 85