2. Du har vist nåde ¬mot landet ditt, Herre,Jakobs lagnad har du vendt.
3. Du tok bort skulda åt folket dittog tilgav alle deira synder. Sela
4. All din harme tok du tilbake,din brennande vreide ¬lét du fara.
5. Reis oss opp att, ¬Gud, vår frelsar,vend din uvilje bort frå oss!
6. Vil du vera harm på oss ¬for alltidog la vreiden vara ¬frå ætt til ætt?
7. Vil ikkje du gje oss liv på nytt,så ditt folk kan gleda seg i deg?
8. Lat oss få sjå din godleik, ¬Herre,og gjev oss di frelse!