6. Sæle er dei ¬som har sin styrke i deg,dei som lengtar etter ¬å fara opp til templet.
7. Når dei fer gjennom ¬den turre dalen,gjer dei han til ein kjeldevang;haustregnet legg si signing ¬over han.
8. Dei går frå kraft til kraft,til dei stig fram for Gud ¬på Sion.
9. Høyr mi bøn, Herre, ¬Allhærs Gud,lyd etter, du Jakobs Gud! Sela
10. Gud, vårt skjold, ¬vend augo hit,og sjå på han som du har salva!
11. Ja, éin dag i dine tempelgardarer betre enn tusen andre.Å stå ved dørstokken ¬til Guds huser betre enn å bu ¬i telt med gudlause.
12. For Herren vår Gud ¬er sol og skjold,Herren gjev nåde og ære.Den som er ærleg i si ferd,nektar han ikkje noko godt.
13. Herre, Allhærs Gud,sæl er den ¬som set si lit til deg.