4. Ja, fuglen har funne ein heim,svala har fått seg eit reir,der ho kan leggja sine ungar,ved dine altar, Herre, ¬Allhærs Gud,min konge og min Gud.
5. Sæle er dei som bur i ditt hus,dei skal alltid lova deg. Sela
6. Sæle er dei ¬som har sin styrke i deg,dei som lengtar etter ¬å fara opp til templet.
7. Når dei fer gjennom ¬den turre dalen,gjer dei han til ein kjeldevang;haustregnet legg si signing ¬over han.