1. Til korleiaren. Etter Gittit.Av Korah-songarane. Ein salme.
2. Kor elskelege dine bustader er,Herre, Allhærs Gud!
3. Mi sjel lengta, ¬ja brann av lengsle,etter Herrens tempelgardar.No jublar hjarta og kroppmot den levande Gud.
4. Ja, fuglen har funne ein heim,svala har fått seg eit reir,der ho kan leggja sine ungar,ved dine altar, Herre, ¬Allhærs Gud,min konge og min Gud.
5. Sæle er dei som bur i ditt hus,dei skal alltid lova deg. Sela
6. Sæle er dei ¬som har sin styrke i deg,dei som lengtar etter ¬å fara opp til templet.
7. Når dei fer gjennom ¬den turre dalen,gjer dei han til ein kjeldevang;haustregnet legg si signing ¬over han.