5. For det er ei føresegn i Israel,eit påbod frå Jakobs Gud,
6. ei lov som han gav til Josefs ættdå ho drog ut or Egypt.Eg høyrer ei ukjend røyst:
7. Eg fria hans aksel for børa,hans hender slapp fri ¬frå berekorga.
8. Du ropa i di naud, ¬og eg berga deg;eg svara deg, løynd i toreskya,og prøvde deg ¬ved Meriba-vatnet. Sela
9. Høyr, mitt folk, ¬eg formanar deg!Israel, gjev du ville høyra ¬på meg!
10. Du skal ikkje ha ¬nokon framand gud,du skal ikkje tilbe andre gudar!
11. Eg er Herren din Gud,som førte deg opp frå Egypt.Lat munnen opp, ¬så fyller eg han!
12. Men folket mitt ¬høyrde ikkje på meg,Israel ville ikkje lyda meg.
13. Så lét eg dei fara, ¬forherda som dei var;og dei fylgde sine eigne planar.
14. Gjev mitt folk ¬ville høyra på meg,gjev Israel ¬ville gå på mine vegar!
15. Snart skulle eg kua ¬deira fiendarog retta mi hand ¬mot deira motstandarar.
16. Dei som hatar Herren, ¬må krypa for han,deira ulukketid skal alltid vara.
17. Men deg vil eg fø ¬med den beste kveiteog metta med honning frå fjell.