Salmane 81:10-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Du skal ikkje ha ¬nokon framand gud,du skal ikkje tilbe andre gudar!

11. Eg er Herren din Gud,som førte deg opp frå Egypt.Lat munnen opp, ¬så fyller eg han!

12. Men folket mitt ¬høyrde ikkje på meg,Israel ville ikkje lyda meg.

13. Så lét eg dei fara, ¬forherda som dei var;og dei fylgde sine eigne planar.

14. Gjev mitt folk ¬ville høyra på meg,gjev Israel ¬ville gå på mine vegar!

15. Snart skulle eg kua ¬deira fiendarog retta mi hand ¬mot deira motstandarar.

16. Dei som hatar Herren, ¬må krypa for han,deira ulukketid skal alltid vara.

Salmane 81