Salmane 78:9-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Efraims søner, ¬væpna med bogar,tok ut og rømde ¬på stridens dag.

10. Dei heldt seg ikkje ¬til Guds paktog nekta å fylgja hans lov.

11. Dei gløymde ¬hans store gjerningarog dei under ¬han hadde late dei sjå.

12. Han gjorde under ¬for deira fedrarpå Soan-marka i Egypt.

13. Han kløyvde sjøen ¬og førte dei over,medan han lét vatnet stå ¬som ein voll.

14. Om dagen leidde han dei ¬i ei sky,og kvar natt i ein lysande eld.

15. Han kløyvde fjell i øydemarkaog gav dei vatn å drikka,rikeleg som frå havsens djup ¬under jorda.

16. Han lét bekker strøyma ¬fram or bergetog vatnet renna som elvar.

17. Men dei heldt ikkje opp ¬med å synda mot han,dei trassa Den Høgste ¬i øydemarka.

18. Med vitende og vilje ¬sette dei Gud på prøvedå dei kravde mat ¬etter eiga lyst.

19. Dei tala imot han og sa:«Kan Gud duka bord ¬i øydemarka?

20. Han slo på berget ¬så vatnet rann,og bekkene fløymde fram.Men kan han òg gje oss brødog syta for kjøt til sitt folk?»

Salmane 78