Salmane 78:62-70 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

62. Han gav sitt eige folk ¬til sverdet,for han var harm på folket.

63. Elden øydde ¬dei unge stridsmenn,jentene fekk ingen ¬bryllaupssong.

64. Prestane i folket fall for sverd,og enkjene fekk ikkje halda ¬syrgjehøgtid.

65. Då vakna Herren ¬som or ein svevn,lik ein stridsmann ¬som vaknar or rusen.

66. Han slo sine motstandarar ¬tilbakeog førte evig skam over dei.

67. Han støytte bort Josefs teltog valde ikkje Efraims-ætta.

68. Men Juda-ætta valde han utog Sion-fjellet, som han elskar.

69. Han bygde sin heilagdom ¬himmelhøg,og grunnla han for alltid ¬liksom jorda.

70. Han valde ut David, sin tenar,og henta han frå sauekvea.

Salmane 78