60. Han gav opp sin bustad i Sjilo,det teltet han budde i ¬mellom menneske.
61. Si makt lét han førast bort ¬som hærfang,sin herlegdom gav han ¬i fiendehand.
62. Han gav sitt eige folk ¬til sverdet,for han var harm på folket.
63. Elden øydde ¬dei unge stridsmenn,jentene fekk ingen ¬bryllaupssong.
64. Prestane i folket fall for sverd,og enkjene fekk ikkje halda ¬syrgjehøgtid.
65. Då vakna Herren ¬som or ein svevn,lik ein stridsmann ¬som vaknar or rusen.
66. Han slo sine motstandarar ¬tilbakeog førte evig skam over dei.