Salmane 78:58-64 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

58. Dei krenkte han ¬med sine offerhaugar,med avgudsbilete eggja ¬dei han.

59. Gud høyrde det og vart harm,han vraka Israel heilt og fullt.

60. Han gav opp sin bustad i Sjilo,det teltet han budde i ¬mellom menneske.

61. Si makt lét han førast bort ¬som hærfang,sin herlegdom gav han ¬i fiendehand.

62. Han gav sitt eige folk ¬til sverdet,for han var harm på folket.

63. Elden øydde ¬dei unge stridsmenn,jentene fekk ingen ¬bryllaupssong.

64. Prestane i folket fall for sverd,og enkjene fekk ikkje halda ¬syrgjehøgtid.

Salmane 78