53. Han leidde dei trygt, ¬og dei reddast ikkje,sjøen løynde deira fiendar.
54. Han førte dei ¬til sitt heilage land,til fjellet han vann ¬med si høgre hand.
55. Andre folk dreiv han bort ¬for dei;han skifte ut deira land ¬som ein arvog lét Israels ætter ¬bu i deira telt.
56. Men dei eggja og trassa ¬Den Høgste Gudog retta seg ikkje ¬etter hans påbod.
57. Dei fall frå og var trulause ¬som sine fedrar,dei sveik, ¬lik ein boge som slaknar.
58. Dei krenkte han ¬med sine offerhaugar,med avgudsbilete eggja ¬dei han.
59. Gud høyrde det og vart harm,han vraka Israel heilt og fullt.
60. Han gav opp sin bustad i Sjilo,det teltet han budde i ¬mellom menneske.
61. Si makt lét han førast bort ¬som hærfang,sin herlegdom gav han ¬i fiendehand.