Salmane 78:44-53 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

44. Han gjorde elvane der til blod,ingen kunne drikka ¬or bekkene.

45. Han sende imot dei klegg ¬som beit,og frosk som herja mellom dei.

46. Han gav deira avling ¬til gnagaren,deira grøde ¬til grashoppesvermen.

47. Han øydela vintrea deira ¬med haglog morbærtrea med rimfrost.

48. Han lét sjukdom koma på feet,sende pest ¬over buskapen deira.

49. Han sende mot dei ¬sin brennande harme,vreide og ilske og naud,ei sendeferd av ulukke-englar.

50. Han gav rom for sin vreideog sparte dei ikkje for døden,men gav deira liv til pesten.

51. Han slo alle fyrstefødde ¬i Egypt,den beste kraft i hamittartelta.

52. Så lét han sitt folk ta ut ¬som sauer,som ei hjord i øydemarka ¬førte han dei.

53. Han leidde dei trygt, ¬og dei reddast ikkje,sjøen løynde deira fiendar.

Salmane 78