Salmane 78:27-46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. Han lét kjøt regna ned til dei ¬som støv,flygande fuglar ¬som havsens sand.

28. Midt i leiren lét han dei falla,rundt ikring deira bustader.

29. Dei åt, og alle vart mette;han sende dei ¬det dei kravde.

30. Men før dei hadde ¬stetta trongen,då dei endå hadde mat ¬i munnen,

31. loga Guds vreide opp imot dei.Han drap dei sterkaste ¬mellom dei,slo Israels unge stridsmenn ¬til jorda.

32. Likevel heldt dei fram ¬med å syndaog trudde ikkje på hans under.

33. Så lét han deira dagar ¬kverva som ein pust,deira leveår enda med redsle.

34. Når han drap nokon, ¬søkte dei han,då vende dei om ¬og spurde etter Gud.

35. Dei kom i hug ¬at Gud er deira berg,at Den Høgste Gud ¬er deira utløysar.

36. Likevel narra dei han ¬med sine ordog laug for han med si tunge.

37. I sitt hjarta ¬heldt dei ikkje fast ved han,dei var ikkje trugne ¬mot hans pakt.

38. Men han var miskunnsam;han tilgav synda ¬og tynte dei ikkje.Gong på gong heldt han att ¬sin vreideog lét ikkje all sin harme ¬bryta fram.

39. Han kom i hug ¬at dei berre var menneske,ein vindpust ¬som fer av stad og vert borte.

40. Men dei trassa han ofte ¬i øydemarkaog gjorde han sorg i audna.

41. Atter og atter ¬sette dei Gud på prøveog krenkte Israels Heilage.

42. Dei hugsa ikkje ¬at han greip innden dagen han fria dei ¬frå fienden,

43. då han viste sine teikn i Egypt,sine under på Soan-marka.

44. Han gjorde elvane der til blod,ingen kunne drikka ¬or bekkene.

45. Han sende imot dei klegg ¬som beit,og frosk som herja mellom dei.

46. Han gav deira avling ¬til gnagaren,deira grøde ¬til grashoppesvermen.

Salmane 78