21. Då Herren høyrde det, ¬vart han harm.Ein eld braut ut mot Jakob,Guds vreide loga mot Israel,
22. fordi dei ikkje trudde på Gudog ikkje leit på hans frelse.
23. Så gav han skyene påbodog opna dørene til himmelen;
24. han lét manna regna ¬til føde for dei,gav dei korn frå himmelen.
25. Englebrød fekk menneska eta;Gud sende mat, ¬og dei vart mette.
26. Han lét austavinden blåsa ¬frå himmelen,dreiv sønnavinden fram ¬med si kraft.
27. Han lét kjøt regna ned til dei ¬som støv,flygande fuglar ¬som havsens sand.
28. Midt i leiren lét han dei falla,rundt ikring deira bustader.
29. Dei åt, og alle vart mette;han sende dei ¬det dei kravde.
30. Men før dei hadde ¬stetta trongen,då dei endå hadde mat ¬i munnen,