Salmane 78:15-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Han kløyvde fjell i øydemarkaog gav dei vatn å drikka,rikeleg som frå havsens djup ¬under jorda.

16. Han lét bekker strøyma ¬fram or bergetog vatnet renna som elvar.

17. Men dei heldt ikkje opp ¬med å synda mot han,dei trassa Den Høgste ¬i øydemarka.

18. Med vitende og vilje ¬sette dei Gud på prøvedå dei kravde mat ¬etter eiga lyst.

19. Dei tala imot han og sa:«Kan Gud duka bord ¬i øydemarka?

20. Han slo på berget ¬så vatnet rann,og bekkene fløymde fram.Men kan han òg gje oss brødog syta for kjøt til sitt folk?»

21. Då Herren høyrde det, ¬vart han harm.Ein eld braut ut mot Jakob,Guds vreide loga mot Israel,

22. fordi dei ikkje trudde på Gudog ikkje leit på hans frelse.

Salmane 78