Salmane 78:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein læresalme av Asaf.Lyd, mitt folk, på mi lære,vend øyra til orda ¬frå min munn!

2. Eg vil opna munnen ¬og tala i bilete,bera fram gåtefull tale ¬frå gamal tid.

3. Det vi har høyrt og kjenner til,det våre fedrar har fortalt oss,

4. det døl vi ikkje for deira born.Vi vil fortelja til ætta som kjem,om Herrens herlege verk ¬og hans velde,om alle dei under han har gjort.

5. Han gav sine bod i Jakobog sette ei lov i Israel.Den baud han våre fedrarå gjera kjend for sine born.

6. Han ville at den komande ætt,dei born som sidan vart fødde,skulle læra lova å kjenna.Så skulle dei stå framog kunngjera henne ¬for sine born,

7. for at 'dei' kunne setja si lit ¬til Gudog ikkje gløyma ¬Guds gjerningar,men nøye halda hans bod.

8. Dei skulle ikkje verta ¬som sine fedrar,ei tverr og trassig ætt,ei ætt som ikkje var fast i hugog ikkje var trufast ¬mot Gud i si ånd.

9. Efraims søner, ¬væpna med bogar,tok ut og rømde ¬på stridens dag.

10. Dei heldt seg ikkje ¬til Guds paktog nekta å fylgja hans lov.

11. Dei gløymde ¬hans store gjerningarog dei under ¬han hadde late dei sjå.

Salmane 78