Salmane 74:8-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Dei tenkte: ¬«Vi gjer dei alle til trælar!»Kvart gudshus i landet ¬brende dei.

9. Vi ser ikkje våre eigne faner.Det finst ikkje lenger ¬nokon profet,og det finst ingen hjå oss ¬som veitkor lenge dette skal vara.

10. Kor lenge, Gud, ¬skal dei driva sin spott,dei som står deg imot?Skal fienden for alltidfå vanvørda ditt namn?

11. Kvifor held du handa di att?Ta di høgre hand frå barmen,og gjer slutt på dette!

12. Men du, Gud, ¬er min konge frå gamal tid,du som gjer frelsesverk ¬på jorda.

13. Du kløyvde havet i ditt veldeog krasa hovuda ¬åt drakane i vatnet.

14. Du slo sund hovuda ¬åt Leviatanog gav dei til føde ¬for dyra i øydemarka.

Salmane 74