17. Du fastsette alle grenser ¬på jorda,sommar og vinter ¬er det du som har skapt.
18. Herre, kom dette i hugnår fienden driv sin spott,og eit folk av dårar ¬vanvørder ditt namn.
19. Gjev ikkje di turteldue ¬til villdyr,gløym aldri dine armingars liv!
20. Kom i hug di pakt med oss!For kvar avkrok i landet ¬er full av valdsferd.
21. Lat ikkje dei trælka ¬gå bort med skam,lat dei arme og fattige ¬prisa ditt namn!
22. Reis deg, Gud, og før di sak!Kom i hug at du dagen lang ¬vert spotta av dårar!