Salmane 74:16-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Din er dagen, og di er natta;du sette sol og måne ¬på plass.

17. Du fastsette alle grenser ¬på jorda,sommar og vinter ¬er det du som har skapt.

18. Herre, kom dette i hugnår fienden driv sin spott,og eit folk av dårar ¬vanvørder ditt namn.

19. Gjev ikkje di turteldue ¬til villdyr,gløym aldri dine armingars liv!

20. Kom i hug di pakt med oss!For kvar avkrok i landet ¬er full av valdsferd.

21. Lat ikkje dei trælka ¬gå bort med skam,lat dei arme og fattige ¬prisa ditt namn!

Salmane 74