11. Kvifor held du handa di att?Ta di høgre hand frå barmen,og gjer slutt på dette!
12. Men du, Gud, ¬er min konge frå gamal tid,du som gjer frelsesverk ¬på jorda.
13. Du kløyvde havet i ditt veldeog krasa hovuda ¬åt drakane i vatnet.
14. Du slo sund hovuda ¬åt Leviatanog gav dei til føde ¬for dyra i øydemarka.
15. Kjelde og bekk ¬lét du strøyma fram,du turka ut elvar ¬som alltid har vatn.
16. Din er dagen, og di er natta;du sette sol og måne ¬på plass.
17. Du fastsette alle grenser ¬på jorda,sommar og vinter ¬er det du som har skapt.
18. Herre, kom dette i hugnår fienden driv sin spott,og eit folk av dårar ¬vanvørder ditt namn.
19. Gjev ikkje di turteldue ¬til villdyr,gløym aldri dine armingars liv!
20. Kom i hug di pakt med oss!For kvar avkrok i landet ¬er full av valdsferd.
21. Lat ikkje dei trælka ¬gå bort med skam,lat dei arme og fattige ¬prisa ditt namn!
22. Reis deg, Gud, og før di sak!Kom i hug at du dagen lang ¬vert spotta av dårar!
23. Gløym ikkje ropet ¬åt dine fiendar,ståket som alltid stig oppfrå dei som står deg imot.