1. Ein læresalme av Asaf.Gud, kvifor har du støytt oss ¬bort for alltid?Kvifor ryk din vreide ¬mot den hjord du gjæter?
2. Kom i hug det folkdu vann deg i gamal tid,di eiga ætt som du fria ut.Tenk på Sion-fjellet, ¬der du har din bustad.
3. Stig opp til dei gamle ruinar!I heilagdomen ¬har fienden øydelagt alt.
4. I huset der folket ditt samlast,lydde brølet ¬frå dine motstandarar;der sette dei sine faner ¬som sigersteikn.
5. Det var eit synsom når ein lyfter ¬øksar i tjukke skogen.
6. Så slo dei sund ¬all treskurden dermed bile og brekkjern.
7. Dei sette eld på din heilagdom,heilt til grunnen vanhelga deistaden der ditt namn bur.
8. Dei tenkte: ¬«Vi gjer dei alle til trælar!»Kvart gudshus i landet ¬brende dei.
9. Vi ser ikkje våre eigne faner.Det finst ikkje lenger ¬nokon profet,og det finst ingen hjå oss ¬som veitkor lenge dette skal vara.