Salmane 73:23-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Men eg vert alltid verande ¬hjå deg,du har gripe mi høgre hand.

24. Du leier meg med ditt råd,og sidan tek du meg opp ¬i herlegdom.

25. Kven har eg elles ¬i himmelen?Når eg berre har deg,har eg ikkje hug ¬til noko på jorda.

26. Om kropp og sjel forgår,er Gud for evig ¬mitt berg og min del.

27. Sjå, dei som held seg ¬borte frå deg,går til grunne,du gjer ende på alle ¬som er utrue mot deg.

28. Men for meg er det godt ¬å vera nær Gud.Eg tek mi tilflukt til Herren.Eg vil vitna ¬om alle dine gjerningar.

Salmane 73