Salmane 73:18-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Ja, på håle vegar fører du dei,du lèt dei falla og gå til grunne.

19. Å, kor brått dei går til grunne,dei vert rivne bort ¬og endar i redsle.

20. Liksom vi vanvørder ein draumnår vi vaknar om morgonen,såleis vanvørder du synet ¬av deinår du reiser deg, Herre.

21. Så lenge eg var beisk i hugen,og kjende at det stakk i hjarta,

22. var eg dum og uvitug,som eit fe var eg imot deg.

23. Men eg vert alltid verande ¬hjå deg,du har gripe mi høgre hand.

24. Du leier meg med ditt råd,og sidan tek du meg opp ¬i herlegdom.

25. Kven har eg elles ¬i himmelen?Når eg berre har deg,har eg ikkje hug ¬til noko på jorda.

26. Om kropp og sjel forgår,er Gud for evig ¬mitt berg og min del.

27. Sjå, dei som held seg ¬borte frå deg,går til grunne,du gjer ende på alle ¬som er utrue mot deg.

28. Men for meg er det godt ¬å vera nær Gud.Eg tek mi tilflukt til Herren.Eg vil vitna ¬om alle dine gjerningar.

Salmane 73