Salmane 71:7-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Eg har vorte ¬som eit under for mange,du er mi trygge tilflukt.

8. Min munn er full av lovsong ¬til deg,eg prisar din herlegdom ¬dagen lang.

9. Støyt meg ikkje bort ¬i min alderdom,forlat meg ikkje ¬når krafta minkar.

10. Mine fiendar talar om meg,dei lurer på meg og samrår seg.

11. Dei seier: «Gud har forlate han.Jag han og grip han!Det er ingen som bergar.»

12. Gud, ver ikkje langt borte ¬frå meg!Skund deg og hjelp meg, ¬min Gud!

13. Lat dei som står meg imot,gå til grunne med skam!Lat dei som vil meg vondt,sveipast i skam og vanære!

14. Men eg er alltid full av von,atter og atter vil eg prisa deg.

Salmane 71