5. Herre, Gud, du er mi von,frå min ungdom ¬har eg sett mi lit til deg.
6. Frå eg vart fødd, ¬har eg stødd meg til deg,du drog meg fram frå mors liv.Deg vil eg alltid prisa.
7. Eg har vorte ¬som eit under for mange,du er mi trygge tilflukt.
8. Min munn er full av lovsong ¬til deg,eg prisar din herlegdom ¬dagen lang.
9. Støyt meg ikkje bort ¬i min alderdom,forlat meg ikkje ¬når krafta minkar.
10. Mine fiendar talar om meg,dei lurer på meg og samrår seg.
11. Dei seier: «Gud har forlate han.Jag han og grip han!Det er ingen som bergar.»
12. Gud, ver ikkje langt borte ¬frå meg!Skund deg og hjelp meg, ¬min Gud!
13. Lat dei som står meg imot,gå til grunne med skam!Lat dei som vil meg vondt,sveipast i skam og vanære!
14. Men eg er alltid full av von,atter og atter vil eg prisa deg.
15. Kvar dag skal eg fortelja ¬om di rettferd,om dine gjerningar til frelse;eg kjenner ikkje talet på dei.
16. Herre, min Gud,eg vil tala om dine storverk,prisa di rettferd, berre den.
17. Du har lært meg opp, Gud,heilt frå min ungdom,og enno fortel eg ¬om dine under.
18. Forlat meg heller ikkje, Gud,når eg vert gamal og grå!Så skal eg tala ¬om di mektige gjerningtil heile den ætt som kjem.
19. Din styrke og di rettferd, Gud,når til himmelen.Du som har gjort så store ting,Herre, kven er som du?
20. Du som lét oss opplevamange trengsler og ulukker,du vil atter gje oss livog føra oss oppfrå havsens djup under jorda.