Salmane 71:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Hjå deg, Herre, søkjer eg livd,lat meg aldri verta til skammar!

2. Fri og frels meg i di rettferd,vend øyra til meg og ¬berga meg!

3. Ver eit fjell som eg kan fly til,ei festning der eg finn frelse!For du er mitt berg og mi borg.

4. Fri meg, Gud, ¬frå handa åt dei gudlause,frå dei som fer ¬med vald og urett!

5. Herre, Gud, du er mi von,frå min ungdom ¬har eg sett mi lit til deg.

6. Frå eg vart fødd, ¬har eg stødd meg til deg,du drog meg fram frå mors liv.Deg vil eg alltid prisa.

7. Eg har vorte ¬som eit under for mange,du er mi trygge tilflukt.

8. Min munn er full av lovsong ¬til deg,eg prisar din herlegdom ¬dagen lang.

Salmane 71