3. så dei ikkje, liksom ei løveriv meg sund og dreg meg bort– utan at nokon bergar.
4. Herre, min Gud, har eg fare såat det er urett i mine hender,
5. har eg gjort vondt mot min venog rana min motstandar ¬utan grunn,
6. så lat fienden jaga og nå meg,trakka meg levande til jordaog kasta mi ære i støvet. Sela
7. Reis deg, Herre, i din vreide,stå opp mot dei ¬som rasar imot meg!Vakna, min Gud, ¬du som stemner til doms.
8. Lat skaren av folkeslag ¬samlast ikring deg,og ta ditt sete høgt over dei!
9. Herre, du som dømer folka,hjelp meg til min rett,for eg er rettvis og heil i mi ferd.
10. Gjer ende på vondskapen ¬åt dei gudlause,men lat den rettferdige ¬verta ståande!Du som prøver hjarto ¬og nyrer,du er ein rettferdig Gud.
11. Gud er mitt vernande skjold,han frelser dei ærlege av hjarta.
12. Gud er ein rettferdig domar,ein Gud ¬som feller dom kvar dag.
13. Sanneleg, ¬fienden kvesser atter sverdet,spenner bogen og siktar.
14. Men sjølv vert han råka ¬av dei drepande våpenog dei brennande piler ¬han steller til.
15. Sjå, han er svanger ¬med vondskap,har avla udåd og føder svik.
16. Han har grave eit hol ¬og gjort det djupt,men sjølv fell han ned ¬i den grava han grov.
17. Den udåden han har tenkt ut,kjem over hans eige hovud,valdsferda råkar ¬hans eigen skalle.
18. Eg prisar Herren ¬for hans rettferdog lovsyng namnet åt Herren, ¬Den Høgste.