Salmane 69:11-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Når eg gret og fasta,vart eg spotta for det.

12. Når eg tok på meg syrgjeklede,vart eg til eit ordtak for dei.

13. Dei snakkar om meg ¬når dei sit i porten,og syng om meg ¬i sine drikkelag.

14. Men, Herre, ¬eg vender meg til degmed mi bøn i nådens tid.Svar meg, Gud, ¬i di store miskunn,du som er ein trufast hjelpar.

15. Berga meg, ¬så eg ikkje søkk i gjørma,lat meg verta berga ¬frå dei som hatar meg,og frå det djupe vatnet!

16. Lat ikkje straumen ¬riva meg bort,lat ikkje djupet gløypa meg,eller brunnen ¬lata att sin munn over meg!

17. Svar meg, Herre, ¬god og trufast som du er,vend deg til meg ¬i di store miskunn!

18. Løyn ikkje andletet ¬for din tenar!For eg er i trengsle.Skund deg og svar meg!

19. Kom til meg og fri meg ut,berg meg frå mine fiendar!

Salmane 69