Salmane 68:4-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Men dei rettferdige gleder seg,dei jublar for Gud ¬med fryd og glede.

5. Syng for Gud, ¬og pris hans namn!Ryd veg for hansom fer fram ¬gjennom øydemarkene.Herren er hans namn ¬– jubla for han!

6. Ein far for farlause, ¬ein forsvarar for enkjerer Gud i sin heilage bustad.

7. Gud lèt einsame finna ¬ein heim,han fører ut fangar ¬til lukke og trivsel,men opprørarar må bu ¬i eit audt og avsvidt land.

8. Då du drog ut ¬framfor folket ditt, Gud,og skreid fram ¬gjennom øydemarka, Sela

9. då riste jorda, ¬og himmelen draupfor Gud på Sinai,for Herren, Israels Gud.

10. Du lét regnet strøyma, Gud,ditt arveland som var turka ut,gav du atter liv.

11. Der fekk di ætt slå seg ned;i din godleik, Gud,sytte du for dei hjelpelause.

12. Herren sender eit ord,og stor er skaren av kvinnersom kjem med gledebod:

13. «Kongar over hærar flyr! ¬Dei flyr!Kvinnene heime ¬deler hærfang.

14. Skal de verta sitjande ¬mellom kløvkorgene?Dua har sølv på vengene sine,og på vengefjørene ¬gulgrønt gull.

15. Då Den Allmektige ¬spreidde kongane,snøa det på Salmon-fjellet.»

16. Eit gudefjell er Basan-fjellet,Basan-fjellet ¬med dei mange tindar.

17. Fjelltoppar, kvifor ser de skeivttil fjellet som Gud ¬har valt seg til bustad,der Herren vil bu til evig tid?

18. Guds vogner er ti tusen ¬gonger tusen,i heilagdom kom Herren ¬frå Sinai.

19. Du steig opp til høgda.Fangar førte du med deg,og gåver tok du ¬mellom menneska,ja, jamvel mellom opprørarar.Der ville du bu, Herre Gud.

20. Lova vere Herren ¬frå dag til dag!Gud ber oss, ¬han er vår frelse. Sela

21. Gud er for oss ¬ein Gud som frelser,hjå Herren vår Gud ¬er det utveg frå døden.

Salmane 68